gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Sluttseminar om regulantprosjektet - Sogn og Fjordane

For å undersøkje og betre tilstanden for fisk i regulerte vassdrag i Sogn og Fjordane, etablerte Fylkesmannen regulantprosjektet i 1994. Prosjektet vart ved årsskiftet lagt ned etter 25 års drift. Eit sluttseminar vart halde i Sogndal 9.1.2020. Under finn du presentasjonar frå seminaret.

Prosjektet «Fisk i regulerte vassdrag i Sogn og Fjordane» har gjennom 25 år vore med på å auke kunnskapen om fisk og vassdragsmiljø i dei regulerte vassdraga i fylket. Prosjektet i den form det har hatt er no avslutta, og dette vart markert ved eit ope seminar i Sogndal 9. april med ca 55 deltakarar. Seminaret fokuserte på desse tema:

• Miljøpåverknad frå vasskraft – ny kunnskap, miljøtilstand, avbøtande tiltak
• Vassforvaltningsplanar og fornying av konsesjonar og vilkårsrevisjonar
• Vasskraft i Sogn og Fjordane – viktige verdiar for samfunnet

Prosjektet har vore eit samarbeid mellom kraftselskapa i fylket og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Resultata frå undersøkingane gjennomførd i regi av prosjektet ligg  tilgjengeleg på https://www.fylkesmannen.no/nb/vestland/miljo-og-klima/fiskeforvaltning/prosjekt/regulantprosjektet/

Presentasjonar frå sluttseminaret 9. januar 2020 i Sogndal:

Program

start

Tittel på foredrag

1000

Opning ved leiar av Styringsgruppa for Regulantprosjektet

-     Ragna Flatla Haugland, SFE produksjon

1010

Industri og forvaltning hand i hand og mot same mål?

-     Ola Lingaas, SFE Produksjon og Eivind Sølsnæs, Fylkesmannen i Vestland

1030

Regulantprosjektet: resultat og trendar, verdifull kunnskapsbase

-     Jon Anton Gladsø og Joachim Bråthen Schedel, Fylkesmannen i Vestland

1130

Fisk og fiske i reguleringsmagasin

-     Bjørn Otto Dønnum, ECO Energi

1150

Kunnskapsbasert fiskeforvaltning

-     Gry Walle, Fylkesmannen i Vestland

1210

Tiltakshåndbok for bedre fysisk vannmiljø:

God praksis ved miljøforbedrende tiltak i elver og bekker

-     Ulrich Pulg, LFI NORCE

1330

Eksempel på mindre biotoptiltak i regulerte vassdrag

-     Vegard Blikra Fagerli, SFE Produksjon

1350

Fiske i Hafslovatnet

-     Olav Bremer, Hafslo Grunneigarlag

1410

Flaumtiltak i Flåmselvi. Kva kan redusere flaumskader?

-     Bjørn Otto Dønnum, Ulrich Pulg LFI NORCE

1450

Vilkårsrevisjonar - kva vil det kunne bety for kraftforsyninga og kraftsystemet vårt?

-     Ingeborg Dårflot, Statkraft Energi AS

1510

Revisjon av konsesjonsvilkår i Arnafjord og Vik vassdraga

-     Trine Hess Elgersma, Statkraft Energi AS

1525

Fornyingssaka i Fortun

-     Stein Øvstebø, Hydro

1540

Fornyingssaka i Svelgen

-     Ragna Flatla Haugland, SFE Produksjon

Publisert: 21. januar 2020 Sist oppdatert: 21. januar 2020