gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Stilling ledig i Vestland - vassforvaltning

Vestland vassregion vil styrke si bemanning på regionivå. Vi har pr. no fire medarbeidarar som arbeider med vassforvaltning, i tillegg til fire vassområdekoordinatorane som er innleigde i delstillingar. Vi styrkar no dette fagmiljøet og ser etter ein dyktig medarbeidar i ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar.

Vestland fylkeskommune er vassregionstyresmakt for Vestland vassregion og har ansvar for regional plan for vassforvaltning. Planen vert utarbeidd i samsvar med vassforskrifta som igjen er forankra i vassdirektivet til EU. Målet med arbeidet er å betre miljøtilstanden i vassdrag, grunnvatn og kystvatn, og med det betre levevilkåra for dyr og planter i vatn. 

Dette er eit arbeid som skjer i nært samarbeid med kommunane, fylkesmannen og andre statlege etatar. Vi er no inne i eit krevjande arbeid med revidering av vassforvaltningsplanen for Vestland med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram. Når denne er på plass ventar det oppgåver med å følgje opp planen. Stillingsutlysning , søknadsfrist:11.05.20.

Publisert: 22. april 2020 Sist oppdatert: 22. april 2020