gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Innspel til vassmiljøtiltak 2022 - 2027

Vinteren 2019 - 2020 er det henta inn forslag til nye miljøtiltak i Nordfjord vassområde. Dette er ein lekk i prosessen med å revidere regional plan for vassforvaltning.

Foto: Nedleggingsutstyr for husdyrgjødsel. Fotograf: Norsk Landbruksrådgiving Vest

I desember 2019 hadde vassområdekoordinator møte med kommunane i Nordfjord om stoda i elvar, innsjøar og kystområde. Der miljømåla ikkje er oppnådd, skal kommunane føreslå tiltak innanfor sine ansvarsområde, det vere seg jordbruk, avløp, gamle avfallsplasser eller fysiske inngrep. Ei rekkje tiltak er no registrert på nettstaden vann-nett.no.

Dette arbeidet er ein nasjonal dugnad, der også styresmaktene for vasskraft, veg, ureining, fiskeoppdrett m.m. jobbar med å registrere nye tiltak innanfor sine ansvarsområde.

Lag, organisasjonar og andre interessentar vart også inviterte til å melde i frå om problem i vassmiljøet og føreslå avbøtande tiltak. Les meir...

Det er vassforskrifta som set rammane for dette arbeidet. Opprinneleg var planen at Regional plan for vassforvaltning for 2022 - 2027, med tilhøyrande Tiltaksprogram skulle på høyring frå oktober, men korona-situasjonen har forseinka prosessen.

Vi ser no føre oss at plan og tiltaksprogram skal opp i Nordfjord vassområdeutval før sommaren, seier vassområdekoordinator Staffan Hjohlman. Hausten 2020 skal det opp i Vestland vassregionutval og til politisk behandling i fylkeskommune, som legg det ut på høyring 1. januar - 31. mars 2020.

Publisert: 06. april 2020 Sist oppdatert: 06. april 2020