gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Aust-Telemark vassområde på synfaring på Møsvatn 08.06.2017

Møsvatn som ligg i Vinje og Tinn kommunar, er den størtse innsjøen i Telemark, og den 12. største i Noreg. Innsjøen er regulert med 18,5 meter, med HRV (høgste regulerte vasstand) på kote 918,5 og LRV (lågste regulerte vasstand) på kote 900.  Vasstanden skal normalt ikkje overstige 918, og intervallet mellom 918 og 918,5 skal nyttast til flaumdemping. Innsjøarealet er 77,8 kvadratkilometer ved HRV og 28,3 ved LRV.

Synfaring Møsvatn 08.06.2017 Fotograf: Dorthe Huitfeldt

Saman med styringsgruppa og arbeidsgruppa i vassområdet, deltok representantar frå Møsstrond grunneigarlag, Øst-Telemarkens brukseierforening (ØTB), Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Midre Telemark vassområde, samt elevar og lærarar frå natur- og miljølina ved Rjukan vidaregåande skule på turen.

Halvor Lien, Hilde og Harald Hovden frå Møsstrond grunneigarlag skyssa deltakarane rundt på Møsvatn i 3 båtar, medan leiaren i grunneigarlaget, Jon Neset, informerte om skadane som reguleringa har påført strandsona og fisket i Møsvatn. Vi vart vist fleire stader der vatnet hadde ført til utgraving og erosjon, m.a. vart vi fortald om Laksarstulen ved Laksaråe der stølshusa og vollen hadde forsvunne som resultat av utgravingar over fleire år.

Utrasingar av dyrkajord på Førnes Fotograf: Dorthe Huitfeldt

Regulanten har i flaumperiodar eit ansvar for å forhindre storflaum lenger nede i vassdraget ved Notodden og Skien, ved å halde tilbake vatn i Møsvatn og Tinnsjå. Under septemberflaumane i 2015 førte dette til nye utgravingar mange stader i magasinet ved at vasstanden i Møsvatn var over HRV i ca 5 veker, med høgste vasstand på 919.Nye utgravingar etter flaumane september 2015 Fotograf: Dorthe Huitfeldt

Vi fekk også sjå område der ØTB har gjort plastringstiltak i strandsona for å unngå erosjon og utrasingar. Flaumane i september 2015 hadde ført til utgravingar også på  desse stadene, og det må derfor gjerast utbetringar for at tiltaka skal fungere som tiltenkt. Vidare såg vi på brygger og moloar som ØTB har bygd for å lette tilgangen til vatnet med båt ved låg vasstand eller uroleg ver.

Hilde Hovden fortalde at dei på Hovden hadde fiska omlag 2 tonn røye årleg på slutten av 1990-talet. Røya vart seld fersk eller rak. Frå ca 2005 har røyefangstane minka så mykje at dei ikkje har produsert rakfisk for sal dei siste åra. Dei minka røyefangstane utgjer eit årleg tap på ca 1 årsverk.

Etter synfaringa gjekk turen til den nedlagte internatskulen på Hovden, der vi fekk god traktering med  rundstykke og kaker av Hilde Hovden. Etter mat informerte lærarane Louise Kausmally og Ane Guro Moen ved landslina for natur og miljø ved Rjukan vidaregåande skule om faga på lina, medan elevane gav oss ein rapport frå ein ekskursjon til Grønland sist vår. Vassområdekoordinator Liv R. Flå informerte om arbeidet i vassområdet og om resultata frå ei fiskeribiologisk undersøking i Møsvatn i 2010, gjennomført av Åge Brabrand ved naturhistorisk museum, universitetet i Oslo. Sjå plansjane frå gjennomgangen av fiskeundersøkinga og arbeidet i vassområdet.

Dagen vart avslutta med eit stemningsfullt besøk i Møsstrond kyrkje på Hovden, der Asbjørg Neset fortalde om den gamle gravferdsskikken på Møsstrond.

Møsvatn 08.06.2017 Fotograf: Liv R. Flå

 

Publisert: 03. juli 2017 Sist oppdatert: 04. juli 2017