gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Høyring av forslag til endringar av naturmangfaldlova og vassforskrifta

Klima- og miljødepartementet (KLD) har sendt forslag til endringar i naturmangfaldlova og vassforskrifta på høyring. Høyringsfristen er 15.01.2018.

Vassforskrifta er heimla i plan-og bygningslova, vassressurslova og forureiningslova. I høyringsforslaget som er utarbeidd av Klima- og miljødepartementet (KLD) og Olje- og energidepartementet (OED), skal naturmangfaldlova erstatte plan- og bygningslova som ein av dei tre heimelslovene. Det er forslag om store endringar i organisering av vassforvaltningsarbeidet og status til vassforvaltningsplanene.

Styringsgruppa i vassområdet handsama endringsforslaget i styringsgruppemøtet 03.11.2017. (sjå saksutgreiing og møteprotokoll 03.11.2017) Vedtaket i saka kan du lese her. Vedtaket vart sendt til Vinje, Tinn og Notodden som ei tilråding ved handsaminga av høyringsforslaget i kommunane, og er sendt som høyringsuttale frå Aust-Telemark vassområde til KLD.   

Publisert: 13. desember 2017 Sist oppdatert: 13. desember 2017