gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Overvakingsresultat 2016

Overvakinga i 2016 var stort sett fokusert på Månavassdraget, med 11 prøvestasjonar i Måna og ein ved utløpet frå Møsvatn. 

Måna gjennom Rjukan sentrum, med Såheim kraftstasjon i bakgrunnen Fotograf: Liv R. Flå

I Måna vart det teke prøvar frå Vemorkjuvet, Våerjuvet, v/ Birkeland bru, utløpet frå Såheim kraftstasjon, v/ Kirkesvingen, v/Eldres Hus, v/Dale bru, v/ Bruflåt, utløpet frå Mæl kraftstasjon, v/ Miland renseanlegg og Auståe v/ Grønskei.Tilstanden  vurdert ut frå fysisk-kjemiske analysar var svært god/god på alle desse stasjonane. Det vart ikkje analysert på biologiske parametrar i 2016.  Bakteriar er ikkje eit kvalitetselement i vassdirektivet, men alle prøvane vart likevel analysert på innhald av bakterien e-coli. Nokre av stasjonane i Måna hadde i enkelte periodar høgt innhald av e-coli, d.v.s. at vasskvalitetetn tilfredstiller ikkje krav til bading/fisking.

Prøvetakinga av Møsvatn vart gjort ved utløpet av Frøystul kraftverk. Innsjøen fekk moderat tilstand p.g.a. ein prøve med forhøya total-fosfor i 2016. I 2017 vil det bli teke prøvar til fysisk-kjemiske analysar frå sjølve innsjøbassenget. Møsvatn er teke inn i det nasjonale programmet for basisovervaking, og frå 2018 vil magasinet bli overvaka på biologiske og fysisk-kjemiske parametrar. Tinnsjå er med i den nasjonale basisovervakinga frå tidlegare.

Forutan stasjonane i Månavassdraget vart det i 2016 teke prøvar frå utløpet v/Tinnosdammen og frå Øvre Bjørvatn/ Gåstjønnåe bekkefelt. 

Du kan lese meir om resultata i overvakingsrapporten 2016

 

Publisert: 18. mai 2017 Sist oppdatert: 18. mai 2017