gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Synfaring Møsvatn 08.06.2017

Den 8.juni har Aust-Telemark vassområde synfaring på Møsvatn. Turen vil gå til område av Møsvatn som har særleg store skadar med utrasingar og erosjon i strandsona som følgje av reguleringa/ tappemønsteret. Vi vil også sjå på tiltak som regulanten har gjort for å dempe ulempene av reguleringa for fastbuande og båttrafikken på vatnet.

Forutan styringsgruppa og arbeidsgruppa i Aust-Telemark vassområde, vil to klassar frå natur og miljø ved Rjukan vgs delta, samt representantar frå Møsstrond grunneigarlag, NVE, Øst-Telemarkens brukseierforening, Fylkesmannen i Telemark og Midtre Telemark vassområde. Vi blir henta på Varland med båt kl 08:30. Møsstrond grunneigarlag vil stå for opplegg og informasjon på synfaringa.

Ca kl 12 går vi i land på Hovden. Der vil vi få servert lunsj  i den gamle skulebygningen. Landslina for natur og miljø ved Rjukan vgs vil informere litt om opplegg/ innhald på studiet. Vassområdet vil informere om vassforvaltningsarbeidet som pågår og om resultat frå den siste fiskeribiologiske undersøkinga i Møsvatn (2010) med forslag til tiltak for å betre røyebestanden.

 På Hovden vil vi også få ei kort omvisning i Møsstrond kyrkje av Asbjørg Neset, som m.a. vil fortelje oss om den gamle gravferdsskikken på Møsstrond.

Publisert: 01. juni 2017 Sist oppdatert: 01. juni 2017