gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Overvakingsresultat 2017

Også i 2017 hadde overvakinga i Aust-Telemark vassområde mest fokus på Månavassdraget, med 11 prøvestasjonar i Måna. Ni av desse stasjonane vart prøveteke fire gonger, medan to stasjonar vart prøveteke to gonger (Vemorkjuvet og Våerjuvet). Elles vart det teke prøvar av Møsvatn, Kvitåvatn og Tinnåe.

Kvitåvatn med Gaustatoppen

I Måna vart det teke prøvar frå dei same stasjonane som i 2016, d.v.s. frå Vemorkjuvet, Våerjuvet, v/ Birkeland bru, utløpet frå Såheim kraftstasjon, v/ Kirkesvingen, v/ Eldres Hus, v/ Dale bru, v/ Bruflåt, utløpet frå Mæl kraftstasjon, v/ Miland renseanlegg og Auståe v/ Grønskei. Tilstanden  vurdert ut frå fysisk-kjemiske analysar var svært god/god på alle desse stasjonane. Det vart ikkje analysert på biologiske parametrar.  

Bakteriar er ikkje eit kvalitetselement i vassdirektivet, men alle prøvane vart likevel analysert på innhald av bakterien e-coli. Nokre av stasjonane i Måna hadde i enkelte periodar høgt innhald av e-coli, d.v.s. at vasskvalitetetn tilfredstiller ikkje krav til bading/fisking. Dette var tilfellet ved Birkeland bru i prøven frå juni, ved Bruflåt og ved Miland renseanlegg i august, og ved utløpet frå Mæl kraftverk i juni og juli.

Dei høge verdiane av e-coli blir forklart med at det er mykje overløp i ein pumpestasjon før renseanlegget på Dale i periodar med store nedbørsmengder. Ved overløp går avløpsvannet ikke inn i renseanlegget, men urensa ut i elva eller inn på tunellen til Mæl kraftverk (avløpsvatnet går i tunnelen når det er drift ved Mæl kraftverk og ut i Måna ved driftstans ved Mæl).

Eit pumpekammer på avløpsnettet ved den gamle tennisbanen har også fungert dårlig, og dette var sannsynlegvis grunnen til den høge e-coli verdien ved Birkeland bru i juni. Det vart gjort utbetringar på pumpekammeret i 2017, så forhåpentlegvis vil det ikkje skje overløp her i framtida.

Forutan stasjonane i Månavassdraget vart det i 2017 teke fire prøvar frå Møsvatn, fire frå frå Kvitåvatn og to frå utløpet v/Tinnosdammen. Prøvetakinga av Møsvatn vart gjort på nedsida av Møsvassdammen. I 2016 fekk innsjøen moderat tilstand p.g.a. ein prøve med forhøya total-fosfor (prøvane vart teke ved utløpet av Frøystul kraftverk i 2016). Alle prøvane i 2017 hadde verdiar som tilsvara at Møsvatn har god økologisk og fysisk-kjemisk potensiale. Resultatet er kun basert på fysisk-kjemiske målingar. Møsvatn er teke inn i det nasjonale programmet for basisovervaking, og frå 2018 vil magasinet bli overvaka på biologiske og fysisk-kjemiske parametrar. Tinnsjå er med i den nasjonale basisovervakinga frå tidlegare.

Kvitåvatn får moderat/ dårleg økologisk tilstand pga høge verdiar for klorofyll A ved to målingar. Feil prøvetakingsmetode kan vera årsaka til dei høge verdiane. Prøvane i 2017 vart teke frå brua mellom hovudbassenget og nordre arm, og p.g.a lite djup vart det ikkje teke blandprøve. For å eliminere denne feilkjelda ved prøvetakinga vil Kvitåvatn bli prøveteke frå båt i 2018.   

Du kan lese meir om resultata i overvakingsrapporten 2017. Analyseresultata for alle prøvane er vist i resultatskjema.

 

Publisert: 12. april 2018 Sist oppdatert: 16. april 2018