gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Ryddeaksjon på Fanteneset i Tinnsjå

Det vart samla inn 100 kg avfall da Aust-Telemark vassområde arrangerte ryddeaksjon på Fanteneset i Tinnsjå 19.06.2018. Tusen takk til alle som deltok for ein flott miljøinnsats!

Saman med styringsgruppa og arbeidsgruppa i Aust-Telemark vassområde, deltok elevar og lærarar frå 4.-7. klasse ved Miland skule og 9.-10. klasse ved Gransherad skule, vassområdekoordinator i Midtre Telemark vassområde og representantar frå miljøhygienisk avdeling i Notodden kommune.

Fleire av elevane hadde følgd med på TV-programmet "Planet plast" som vart sendt i vår, og det var ein engasjert gjeng som tok fatt på ryddedugnaden. Etter 1,5 time hadde ryddegjengen på ialt 36 personar samla inn 40 sekkar med avfall på ei 200 meter lang strand, der innhaldet var fordelt mellom isoporbitar, bygningsmateriale, tau og mykje plast (m.a. drikkeflasker, lokk/korker, pakkeband/ strips, plastposar, store mengder  uidentifiserbar plastbitar). Av større ting i fangsten var ein stressless, ein madrass, tre takrenner, to eksosanlegg, brøytestikker, lange plastslangar.

Ryddeaksjon FantenesetFotograf: Liv R.Flå

Etter innsamlinga vart det servert winerpølser i lompe/ brød, eplejuice, kveitebollar og kaffe. Deretter vart avfallet i fem tilfeldige valgte sekkar gjennomgått og registrert. Funna er registrert i Ryddeportalen under Hold Norge Rent.

Publisert: 21. juni 2018 Sist oppdatert: 21. juni 2018