gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Synfaring til Mår og Gjøyst 12.09.2108

Aust-Telemark vassområde ønskjer å starte ein prosess for å få vurdert tiltak i Mår og Gjøyst etter standard naturforvaltningsvilkår som ligg i konsesjonen, og inviterte derfor til synfaring i dei to vassdraga 12.09.2018.

Vassområdet hadde invitert regulanten Statkraft, NVE, Fylkesmannen i Telemark, Mår utmarkslag og Gjøyst utmarkslag med på synfaringa. Frå vassområdet deltok styringsgruppa og arbeidsgruppa, d.v.s. var både politikarar og administrasjonen i kommunane representert. Målsetjinga for synfaringa var å starte ein prosess for å få vurdert tiltak i Mår og Gjøyst som kan gje auka oppvandring og gyting av Tinnsjå-aure i vassdraga, og vidare tiltak som kan gje ein positiv effekt på landskap og friluftsliv.

Engasjerte deltakarar på synfaringa. Foto: Liv R. Flå 

Tinnsjå har fem elver som kan nyttast som rekrutteringselv for aure, der fire er påverka av vassdragsreguleringar og såleis forringa som gyteelver, m.a. gjeld dette for Mår og Gjøyst. Tinnsjå har ein eigen storaurestamme som er karakterisert som trua. I dag kan aure vandre 1,1 km opp i Mår, medan strekninga før reguleringa totalt var 3,4 km (medrekna flaumløp). I Gjøyst kan aure vandre 2,3 km opp i elva, mot 3,8 km før reguleringa.  Det er ikkje innført minstevassføring i dei to vassdraga.

  I regional plan for vassforvaltning i vassregion Vest-Viken 2016-2021, som vart godkjent av alle fylkestinga i regionen, hadde lokalt og regionalt nivå forslag om minstevassføring og biotoptiltak både i Mår og Gjøyst. Desse forslaga vart fjerna ved den sentrale godkjenninga av planen i Klima‐ og miljødepartementet 04.07.2016, og dagens tilstand vart sett som «godt økologisk potensiale» ( GØP).

 Naturhistorisk museum Universitetet i Oslo gjennomførte ei fiskeribiologisk undersøking i nedre delar av Mår og Gjøyst i 2013. Rapporten kan du lese her. Formålet med undersøkinga var å karakterisere elvene basert på bunndyr og fisk, vurdere lokalitetane som gyte‐ og oppvekstelv for Tinnsjå‐aure, og foreslå tiltak for å oppnå vassforskrifta sitt mål om GØP i regulerte elver. Rapporten konkluderer med at målet i vassforskrifta om fri fiskevandring bør ivaretakast i Mår ved at det blir etablert vandring like langt som før reguleringa. Vidare blir det tilrådd å gjennomføre habitatforbetrande tiltak både i Mår og Gjøyst, t.d. utgraving av kulpar og utlegging av gytesubstrat.

 Ved fornying av reguleringskonsesjonen for Mårelva i 1998 vart det innført naturforvaltningsvilkår i vassdraget. Vilkåra gjeld formelt sett ikkje for Gjøyst, men regulanten har opplyst at naturforvaltningsvilkåra i praksis gjeld for begge vassdraga sidan reguleringane av Mår og Gjøyst heng nøye saman. I følgje konsesjonen kan NVE pålegge konsesjonæren å byggje tersklar, gjera biotopjusterande tiltak, elvekorreksjonar, opprenskingar m.m.

 Under synfaringa 12.09.18 vart det lagt mest vekt på dei nedre delane av Mår og Gjøyst, som kan ha eit potensiale for auka rekruttering av aure dersom biotoptiltak blir gjennomført. I tillegg var det innlagt ein tur langs heile Mårvassdraget opp til Mårvatn. På denne strekninga vart tiltak som kan vera positivt for landskap og friluftsliv drøfta.

Ved Mårvatn. Foto: Liv R. Flå

 

Publisert: 16. oktober 2018 Sist oppdatert: 16. oktober 2018