gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Årsrapport 2018

Årsrapporten gjev ein oversikt ove arbeid og aktivitatar, kostnader og finansiering i Aust-Telemark vassområde i 2018.

Plastaksjon med skuleklassar på Fanteneset i Tinnsjå 19.06.2018

I 2018 var kunnskapsinnhenting gjennom overvaking, samt oppdatering av påverknadnadsanalysar og innhenting av informasjon om tiltaksgjennomføring i kommunane ei prioritert oppgåve i vassområdet. Dette på bakgrunn av at karakteriseringa og klassifiseringa av vassførekomstane skulle oppdaterast (Fylkesmannen), og at alle sektormyndigheiter skulle oppdatere tiltaksstatus før den nasjonale tiltaks-rapporteringa til EU i 2018. Vassområdet hadde ansvar for oppdatering av tiltaksstatus i Vann-nett for alle kommunale tiltak. Vidare hadde vassområdet ansvar for å oppdatere tiltaksstatus i dei vassførekomstane som hadde kunnskapsinnhenting som tiltak.

Elles fokuserte vassområdet på å få starta ein prosess som skulle vurdere konkrete biotoptiltak etter standard naturforvaltningsvilkår i Mår-konsesjonen. Dette arbeidet vart starta i nedre delar av Mår og Gjøyst i 2018. Målsetjinga til vassområdet er at vi over tid kan få gjort ei vurdering av tiltak etter standard naturforvaltningsvilkår i resten av Mår/Gjøyst.

Vassområdet fokuserte også på problemet «Plastforsøpling i vassdrag, ved å arrangere ein plastaksjon i Tinnsjå, der elevar og lærarar frå Gransherad skule og Miland skule var invitert til å delta i innsamling av plast og anna avfall på Fanteneset.   

Som første steg i prosessen med rullering av forvaltningsplanen for neste planperiode (2022-2027) starta vassregionen opp arbeidet med planprogram og hovudutfordringar i vassregion Vest-Viken i 2018. Vassområdet utarbeidde dokumentet «Hovudutfordringar i vassområde Aust-Telemark», som saman med hovudutfordringane frå dei 17 andre vassområda i regionen dannar grunnlaget for dokumentet «Hovudutfordringar i vassregion Vest-Viken». Hovudutfordringar i Aust-Telemark vassområde 2018 ligg her.
 

Publisert: 05. juni 2019 Sist oppdatert: 05. juni 2019