gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Ny ryddedugnad på Fanteneset i Tinnsjå

Notodden Jeger og Fiskerforening inviterer alle til ryddedugnad på Fanteneset i Tinnsjå, laurdag 7.september frå kl 10

Ryddeaksjon på Fanteneset juni 2018

Aust-Telemark vassområde arrangerte ryddeaksjon på nordsida av Fanteneset i juni 2018, der skuleklassar frå Gransherad skule og Miland skule gjorde ein flott innsats. Etter at 36 personar rydda i 1,5 time var det fjerna ca 100 kg avfall, og vi kunne vi forlate ei mykje reinare strand. No står sørsida av Fanteneset for tur! For meir informasjon om ryddedugnaden, sjå Notodden Jeger og Fiskerforening på Facebook eller ta kontakt med leiar Ole Henning Skogen på tlf. 996 49 319. Notodden Jeger og Fiskerforening ønskjer alle velkomen til ein triveleg ryddedag på Fanteneset!

Publisert: 27. august 2019 Sist oppdatert: 27. august 2019