gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Overvakingsresultat 2018

Aust-Telemark vassområde hadde i 2018 fokus på å vidareføre prøvetakingsseriar i vassførekomstar som var sett i moderat miljøtilstand på grunn av usikker påverknadsanalysar, og som på bakgrunn av dette hadde kunnskapsinnhenting som tiltak.

Det vart teke fysisk-kjemiske prøvar av Kvitåvatn, Sandvatn (Hovin), Bjørvassåe, Mogbekken, Grivla, Gjuvåe, Lure og Frøystulåe. Vidare vart det teke planktonprøvar av innsjøane og botndyrprøvar frå tre av elvane (Lure, Gjuvåe, Bjørvassåe).

Prøvetakinga av lokalitetane viste god eller svært god tilstand i 2018. Fleire vil bli  overvaka vidare i 2019 på grunn av for korte prøvetakingsseriar eller lite for materiale i bunndyrprøven. T.d. vart prøven frå Gjuvåe forkasta på grunn av for lite prøvemateriale, truleg grunna svært lita vassføring i tørkeperiodane sommaren 2018. Det var også litt lite materiale i prøven frå Lure grunna at botnsubstratet i elva er for grovt. Det vil bli teke påvekstalgar frå Gjuvåe og Lure i 2019. Elles vil prøvetakinga av Kvitåvatn fortsetje i 2019.

Det vart ikkje teke prøvar frå Måna i 2018. Det vil bli gjennomført ny prøvetaking i Måna etterkvart som det blir gjort tiltak på avløpsanlegget på Rjukan.

Fullstendig oversikt over overvakingsresultata kan du sjå i overvakingsrapporten 2018

Publisert: 05. juni 2019 Sist oppdatert: 05. juni 2019