gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Organisering

Tokke-Vinje vassområde består av Tokke og Vinje kommunar. I tillegg har Valle, Bykle og Odda kommunar mindre delar av vassområdet. Desse kommunane er ikkje representert i vassområdeutvalet.

Vassområdeutvalet blir i Tokke-Vinje også kalla Kraftutvalet og blei i si tid oppretta for å arbeide spesielt med saker som galdt kraftutbygginga i Tokke-Vinjevassdraget. I tillegg til revisjon av konsesjonsvilkår gjeld dette også økonomiske spørsmål omkring konsesjonskraft, skatt osv. I 2007 vedtok kommunestyra å samkøyre revisjonssaka med arbeidet med vassforvaltningsplan etter den nye vassforskrifta og vassrammedirektivet. Kraftutvalet blei da også vassområdeutval og vassområdet blei eit av  29 pionerområde for utprøving av vassforskrifta i Noreg. I denne kommunestyreperioden har vassområdeutvalet desse medlemane

Publisert: 23. februar 2016 Sist oppdatert: 23. februar 2016